top of page

Retningslinjer og vilkår

​

Salsvilkår

​

1. Avtalen

Avtalen består av desse salgsbetingelsane, opplysningar gjeve i bestillingsløysinga og eventuelle særskilte vilkår. Ved motstrid gjeld dei særskilte vilkåra først.
 

2. Partane

Seljar er Damms AS (org.nr. 834 397 692), kontaktinformasjon oppgjeve under. Kjøpar er den personen som gjer bestillinga.
 

3. Pris

Alle prisar er oppgjevne i norske kroner og inkluderer meirverdiavgift med mindre anna er opplyst.
 

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når bestillinga er stadfesta av seljar, og kjøpar har motteke ordrebekrefting.
 

5. Betaling

Betaling kan gjerast med Vipps, Stripe eller PayPal. Ved betaling med Vipps eller kortløysingar blir beløpet trekt ved bestilling.
 

6. Levering

For badstuebooking blir leveringa rekna som gjennomført når kjøpar har motteke stadfesting og tilgang til avtalt tidspunkt. Levering skjer normalt umiddelbart etter bestilling.
 

7. Angrerett

Ved kjøp av tenester som har avtalt tidspunkt, til dømes badstuebooking, gjeld ikkje angrerett dersom tenesta skal leverast innanfor angrefristen, og kjøpar har samtykka til dette ved bestilling.

Les meir om angrerett på angrerettlova.
 

8. Mangel ved tenesta – kjøparens rettar og reklamasjonsfrist

Dersom tenesta har ein mangel, må kjøpar gje melding om dette innan rimeleg tid etter at feilen blei oppdaga. Reklamasjonsfristen er to år. Melding om feil skal sendast skriftleg til damms.post@gmail.com eller via telefon 948 19 707.
 

9. Personopplysningar

Vi behandlar personopplysningar i tråd med gjeldande personvernlovgiving. Sjå vår personvernerklæring.
 

10. Konfliktløysing

Tvistar skal søkjast løyst i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøpar ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. EU si klageportal kan også nyttast.

​

​

Betaling
• Gjesten skal betale heile beløpet via Vipps eller Stripe ved bestilling på www.badestova.no
• Fakturering eller betaling ved oppmøte skal vere avtalt på førehand for alle private opplevingar. Ved drop-in kan gjesten bestille og betale opplevinga ved oppmøte så sant det er ledig plass.

​

Angrerett
• Frist for kansellering er 48 timar før frammøte. Kansellering etter dette vert belasta 100%. Refusjon til det kredittkortet som er brukt ved bestilling. 
• Kansellering gjerast skriftleg via e-post.
• Førespurnad om å endre bestilling må skje via telefon eller e-post. 
• Bestilling vert endra så sant det er ledig kapasitet. Endringar etter at frist for kansellering har utløpt er ikkje garantert.

​

Personvererklæring
Behandlingsansvarlig for innsamla personopplysningar er selgar. Med mindre kjøpar samtykker til noko anna, kan selgar, i tråd med personopplysningslova, kun innhente og lagre dei personopplysningane som er nødvendig for at selgar skal kunne gjennomføre forpliktelsane etter avtalen. Kjøparens sine personopplysningar vil kun bli utlevert til andre dersom det er nødvendig for at selgar skal få gjennomført avtalen med kjøpar, eller i lovbestemte tilfelle.

​

Vilkår for bruk

 Respekter andre sitt privatliv 

Badestova er ein stad for avslapning og velvære. Vær merksam på at andre gjester kan vere til stades. Vis omsyn.
 

• Hald det reint 

Bruk reine kle og sit på handkle når du nyttar Badestova.
 

• Mat og drikke 

Det er ikkje lov med mat i Badestova. Det er lurt å ta med vatn eller anna fargelaus drikke.
 

• Respekter leigeavtalar  

Ver vennleg og føl tidsplanen som er sett, rydd og gjer deg klar til å forlate Badestova 5-10min før neste time startar.
 

• Eige ansvar 

Bruk av Badestova og bading er på eige ansvar. Born under 18 år skal ha følge av vaksen.
Ingen hopping eller stup i vatnet frå gangveien, der er grunt.

 

• Rydd etter deg 

Hugs å ta med deg personleg utstyr og sørg for at det ikkje ligg att boss. Forlat Badestova slik du ønsker å møte den.
 

• Erstatning 

Skader som følge av uaktsom bruk eller oppførsel kan føre til erstatningsansvar.

​

​

Kontaktinformasjon
• Epost: damms.post@gmail.com 
• Tlf: +47 41427931
• DAMMS AS
• Org.nr: 834 397 692 
• Postadresse: Ytre Skårhaug 22, 6770 Nordfjordeid

​

Juridisk merknad
DAMMS AS står ikkje til ansvar for utilfredsstillande vêrforhold, stengde fasilitetar eller andre forhold som ligg utanfor selskapet sin kontroll. Vi tek atterhald om feil i informasjon om tenester og tekniske problem som kan oppstå. Partane kan tre ut av avtalen dersom varen som er kjøpt ikkje kan nyttast som følgje av krigshandlingar, naturkatastrofar, lengre avbrot av vatn eller el-tilførslar, og liknande hendingar som verken DAMMS AS eller gjesten kunne forutsjå eller påverke.

bottom of page