Reglar og retningslinjer
Badestova har eit lite omkledningsrom der du kan skifte og henge i frå deg kle. Parkering er ca 50m unna. Det er toalett både inne på senteret og eit offentlig toalett ca. 400m nord rett ved Sagastad. Det er butikkar like i nærleiken. Inne på senteret finn du også søndagsopen daglegvarebutikk.
Husk å gi oss beskjed om ting ikkje er som det skal.
Gi oss gjerne tilbakemeldinger i kontaktskjemaet, Instagram eller Facebook.


Reglar for bruk
Respekter andre sitt
privatliv
Badestova er ein stad for avslapning og velvære. Vær merksam på at andre gjester kan vere til stades. Vis omsyn.
Hald det reint
Bruk reine kle og sit på handkle når du nyttar Badestova.
Mat og drikke
Det er ikkje lov med mat i Badestova. Det er lurt å ta med vatn eller anna fargelaus drikke.
Respekter leigeavtalar
Ver vennleg og føl tidsplanen som er sett, rydd og gjer deg klar til å forlate Badestova 5-10min før neste time startar.
Eige ansvar
Bruk av Badestova og bading er på eige ansvar. Born under 18 år skal ha følge av vaksen.
Ingen hopping eller stup i vatnet frå gangveien, der er grunt.
Rydd etter deg
Hugs å ta med deg personleg utstyr og sørg for at det ikkje ligg att boss. Forlat Badestova slik du ønsker å møte den.
Erstatning
Skader som følge av uaktsom bruk eller oppførsel kan føre til erstatningsansvar.
